Volda.info
Kommune
Skular
Val 2003
Kulturliv
Lag og org.
E-post
Næringsliv
Helse
Student HVO
Fergerute MRF
Reiseguide
Nettbank
Nettaviser
Radio & TV
Vervarsel
Chat
Debattforum
Biletgalleri
Ord & uttrykk
Data & web
Sunnmøre
Startsider og søk på nett

Skal du byggje?

Byggesaks-
guiden

Søknads-
blankettar

Legg Volda.info til i dine favorittar


Lokal Agenda 21 - om lokal berekraftig utvikling

Volda er med i norsk nettverk av helse- og miljøkommuner

Studér idrett ved Høgskulen!

20©07 Volda.info

Volda kommune

Fylke: Møre og Romsdal
Kommunenummer: 1519
Areal: 548 km²
Kommunesenter: Volda, ca 5000 innbyggjarar.
Tal innbyggjarar: ca 8360. I tillegg kjem ca 2000 studentar ved HVO.
Tal verksemder: ca 525

Ordførar: Ragnhild Aarflot Kalland (Sp)
Rådmann:
Jarle B. Krumsvik

E-post: [email protected]
Postadresse: Postboks 145, 6101 Volda
Telefon: 700 58700
Fax: 700 58701

Styrer og utval 2003-2007:

Valresultat og vallister for Volda i 2003

Offisiell heimeside: Volda.kommune.no

Kommunevåpenet til Volda er ein pennesplitt på lyseblå botn. Den symboliserar Volda si rolle som skulestad og sentrum for nynorsk skriftkultur.

Volda ligg sør i Møre og Romsdal fylke, med grense mot Nordfjord. Kommunen har 8300 innbyggjarar, med kring 5000 av desse busett i sentrum. Innan utdanning er Volda eit tyngdepunkt i nordvest, med kring 2000 studentar ved Høgskulen i Volda og omlag 500 elevar ved Volda vgs. Naturen i Volda er vakker og dramatisk, med djupe fjordar som skjér seg inn mellom bratte lier og kvasse tindar - dei såkalla "Sunnmørsalpane".

Kartet syner dei viktigaste grendene og bygdene i Volda kommune. Utanom kommunesentret er Dravlaus, Folkestad og Fyrde definert som "kommunedelsentra".

Nokre økonomiske fakta om Volda *:

Volda kommune har hatt eit høgt aktivitetsnivå dei siste ti åra. Dei store investeringane syner att, men har også sin pris:

  • Låneskuld over 500 millionar kr, ca 800 mill inkludert løpande pensjonsavtalar.

  • Skuld pr. innbyggjar ca 90000 kr., nesten dobbelt så mykje som landssnittet.

  • Nesten 250 mill. brukt på nytt omsorgssenter. Nesten 100 mill meir enn då prosjektet vart vedtatt bygd ut. Pris for det gamle omsorgssenteret 16 mill., utan at det nye hadde fleire plassar. Fjordsyn oppussa 2007 for 48 millionar. .

  • 40 millionar brukt på utviding av Folkestad og Austefjord skular siste 4 år. Volda ungdomsskule og Dalsfjord skule treng sårt til renovering.

  • Skular, SFO, bibliotek, bygdebrannstasjonar, heimehjelp, helsestasjonar og andre omsorgstenester er truga av kutt.

  • 5 grendeskular nedlagt siste 4 år: Bjørkedal, Dale, Hjartå, Fylsvik, Steinsvik

*) Med atterhald om at tala er omtrentlege, og kanskje ikke heilt i tråd med dei "offisielle" tala frå Volda kommune som er vanskelege å få ut.

Volda ligg lengst sør på Sunnmøre, kring Voldsfjorden, Dalsfjorden og Austefjorden. Volda sentrum har mekaniske verkstader, møbel- og trevareindustri, konfeksjonsindustri m.m. Skule-, kultur- og handelssentrum med Volda videregående skule, Høgskulen i Volda (HVO) og fylkessjukehuset (FSV) med hjelpepleiarskule.
Volda er ein relativt stor landbrukskommune, med om lag 220 gardar i drift, av dei om lag 70 med mjølkeproduksjon. Fleire oppdrettsanlegg for laks og smolt ligg i Dalsfjorden og Voldsfjorden. I Bjørkedalen vert gamle båtbyggjartradisjoner halden ved like, mellom anna gjennom bygging av fleire fullskala
vikingskip dei siste tiåra.

Ørsta ein nær nabo med Volda, omlag jamnstor og med mange funksjonar som utfyllar Volda. Dei korte avstandane gjer at Volda og Ørsta utgjer ein felles og etter måten stor arbeidsmarknad på søre Sunnmøre. Nabokommuar elles er Vanylven i vest, Eid i sør og Hornindal i aust.

Ørsta-Volda lufthamn Hovden ligg i Hovdebygda midtvegs mellom Volda og Ørsta. Kortbane flyplass med daglege avganger til Oslo med Widerøe.

Riksveg E 39 går gjennom kommunen frå fylkesgrensa mot Sogn og Fjordane i sør, gjennom Stigedalen og Bjørkedalen, med fergesamband Folkestad - Volda. Nattferga har færre avgangar, alternativ omkøyring rundt Austefjorden.

Vegnettet i regionen står framfor store prosjekt dei næraste åra. Mellom desse er utbetring av E 39 over Stigedalen til tofelts vegstandard, andre byggjesteg av rassikringa av Austefjordvegen, og realisering av vestlandske stamveg Volda - Hornindal over Kviven og Eiksundsambandet i undersjøisk tunnel. Meir om desse prosjekta finn du her: Eiksundsambandet, Kvivsvegen.

Faktaside frå Statistisk Sentralbyrå om Volda
Den elektroniske kommunenøkkel frå Kommunalforlaget om Volda
SSB Jordbrukstelling 1999 Volda

Partifordeling Volda kommunestyre

2007 - 2011:

H 3
KrF 5
Sp 5
SV 3
Ap 4
V 2
FrP 5

Sum 27

2003 - 2007:

H 5
KrF 5
Sp 4
SV 5
Ap 3
V 2
FrP 3

Sum 27 representantar

Medlemsoversikt m. vara

1999 - 2003:

H 10
KrF 7
Sp 6
SV 4
Ap 4
V 3
FrP 1

Sum 35 representantar

Valresultat for Volda ved kommunevalet 2007:
Ap 15,6% , SV 11,1% , SP 19,7% , KrF 18,9% , V 7,2%, H 10,4%, FrP 17,2%.
6285 røysteføre. Frammøteprosent 64,8%. Kjelde
NRK.

FRAMSTEGSPARTIET
Jon Georg Dale
Roald Arnold Espset
Egil Berg
Lars Peder Barstad
Arne Oddmund Torvik
KRISTELIG FOLKEPARTI
Arild Iversen
Egil Straume
Margrete Bjerkvik
Marit Isene
Håvard Strand
SENTERPARTIET
Ragnhild Aarflot Kalland
Eldar Jan Dale
Erling Ulvestad
Anders Bueide
Per Steinsvik
DET NORSKE ARBEIDERPARTI
Jan Henning Egset
Bodil Torunn Svepstad
Per Kåre Nesset
Malvin Fremmerlid
HØYRE
Ola Rangsæter
Tine Berg Nordahl
Ann Kristin Haugen
SOSIALISTISK VENSTREPARTI
Ingrid Opedal
Gunnar Strøm Schjelderup
Åshild Vik
VENSTRE
Jens Johan Hyvik
Helge Hamre
 

Kjelde VG/NRK.

Valresultat for Volda ved Stortingsvalet 2005:
Ap 20,8% (+6,5%), SV 10,7% (-2,6), SP 10,6% (+2,7), KrF 16,2% (-9,2), V 9,1% (+1,8),
H 12,8% (-3,0) FrP 17,0% (+6,3), Kyst 1,4% (-0,9) Øvrige 1,4%. Frammøteprosent 79,8%
Meir om valet på nett:
NRK, TV2, Sunnmørsposten, Dagbladet, VG, Aftenposten, BT

NB! Denne nettstaden er ikkje offisielle heimesider for kommunen, men er ein sjølvstendig nettstad med generell informasjon om kommunen.

......................................................................................................................................................................................
Copyright Volda.info 2004/ Jørn Olav Løset. E-post: jorn @ loset.com

....................................................................................................................................................................................