Volda.info
Kommune
Skular
Kulturliv
Lag og org.
E-post
Næringsliv
Helse
Student HVO
Fergerute MRF
Reiseguide
Nettbank
Nettaviser
Radio & TV
Vervarsel
Chat
Biletgalleri
Ord & uttrykk
Data & web
Sunnmøre
Startsider og søk på nett

Legg Volda.info til i dine favorittar


© 2007 Volda.info

Kulturliv i Volda

Kulturkalendar

Volda kommune oppdatert kulturkalendar >

Faste arrangement i Samfunnshuset: Volda toradarlag og Volda frilynde ungdomslag kvar torsdag .

Røde Kors Besøksteneste med pensjonistkafe kvar tysdag og pensjonistlaget med trim kvar torsdag.

Dansefantane øvingar annan kvar tysdag. Filmklubben visningar kvar mandag. Volda korskule øvingar kvar mandag.

Rokken Studenthus: sjekk heimesidene deira for konsertar og arrangement. Det er ikkje alt som står i kalendaren.

Volda folkebibliotek: ope man/tys/ons/tors/laurd.

Ungdomsklubben: ope ons/fre og grupper kvar torsdag

Telebygget ungdomshus

Voldahallen: treningar i veka og kampar i helgane

I sommarmånadane kan du i Volda besøke og oppleve:

Museum, samlingar og kyrkjer

  • Båtsamlingane og oppgangssaga på Søre Bjørkedal
  • Eit lite bygdemuseum og nyrestaurert sirkelsag på Øggarden på Bjørkedalen, kontakt Olav Eidseflot tlf 70052016
  • Gardsbutikk på Helset på Bjørkedalen med gardsmat og husflid.
  • Sivert Aarflot museet –ope etter avtale Tore Aarflot tlf 70074421/70077988
  • Kometmuseet www.kometland.com – ope etter avtale Knut B. Aarseth tlf 70076390
  • Fyrmuseet i Dalsfjorden –ope etter avtale   Kjell Viken tlf 70055216
  • Dalsfjord sogelag- Museum, Brunebuda, fyrlykt, Korsfurtunet, båtsamlingar m.m. Per Ole Reite tlf 97545809
  • Volda bygdetun ope kvar onsdag,fredag og  søndag 13-17.   Garverimuseet etter avtale  tlf. 70077854 eller 7007770
  • Utstilling av Kinsarvikmøblar, flyfoto frå Volda frå 1960-63 m/projektor på lerret, 20 000 gml. Nerbøvikbilete i albumar
  • Austefjord museum kvar søndag i juli kl. 14-16 unik samling  Kontaktperson: Nils Håvik tlf. 70050073
  • Det tyske fortet på Berkneset. Restar etter kanonfundament, skyttergraver, bunkers. Kontakt Asbjørn Lid 70051042
  • Volda gml. Elektriske Mylne i Hamnegata 16, 6100 Volda. Sal av sammalt havremjøl, steinmalt byggmjøl. Foto- og    kunstutstilling i butikken.  Kontakt mylnemeister Elias Moe tlf. 70055510 mobil 9581621
  • Volda kyrkje: ope frå 1. juli-10. august man-fre kl. 11-16  Kyrkjekontoret. 70074090 kyrkjetenar: tlf. 70076170
  • Austefjord kyrkje, Kilsfjord kyrkje og Dalsfjord kyrkje ope etter avtale, kontakt kyrkjekontoret 70074090
  • Volda folkebibliotek, rådhuset sommarope måndag/tysdag/onsdag/torsdag kl. 12-15.30
  • Ivar Aasentunet: 18.juni-19.aug man-fre 10-17  laur/søn 12-18  tlf. 70047570

 

Aktivitetar

  • Gjerdehagen ridesenter på Berkneset i Volda: rideskule, ponniriding, turriding, besøksgard, terapiriding, køyreturar      m.m.  tlf 909924. Villmarksleir kvar helg i juli og dei to første helgane i august alder 7-17 år. Mobil 90992420
  • Roturar med vikingsskipa på Helset, Bjørkedalen, ope vertshus etter avtale tlf. 70052027
  • Roøvingar med Vikingskipet og fredsskipet Embla på Bjørkedalsvatnet kvar torsdag kveld kl. 19. Alle velkomne.
  • Kommunebåten ”Ina Kristin” turar etter avtale-tur/retur Yksnøya kr. 500 kontakt Kjell Yksnøy mobil 90539918.
  • Badeplassar på Munken, Årneset, Folkestadvatnet. Koselege badeplassar i Austefjorden, Kilsfjorden og Dalsfjorden, Lid   og Berkneset. Badeplassar også i Aldalsvatnet og Bjørkedalsvatnet. Kaldt og friskt i dei mange fjellvatna. 

Kulturkontoret

Kulturkalendaren og aktivitetsoversikta er attgjeve med tillating av Volda Kulturkontor.

Turist- og kulturinformasjon i rådhuset tlf. 70058700/7005885.
E-post: [email protected]

Turforslag

Fjell og toppturar i Volda

Her er så utruleg mange fjellturar ein kan gå at det er uråd å liste opp alle. Fjellruter og turforlag kan kombinerast på eit utall måtar. Om du skal velje deg nokre få fjell som gjev deg varierte opplevingar, så kan du jo starte med desse:

  • Helgehornet - 623 m. Flott tur til ein av dei lågare toppane i Volda, både til fots og som skitur. Flott utsikt over Mork/Egset, Hovdebygda, Ørsta, Lid og til Lauvstad på ande sida av fjorden. Lett tur heile vegen frå skytebana i Solliddalen. Glimrande turval dersom ein skal ha med born på sin første fjelltur!
  • Rotsethornet - 649 moh. Korkje høgast eller vakrast, men uovertruffen utsikt til Volda sentrum og Voldsfjorden. Ver varsam om du går turen opp bratta frå Kalsethola. Det er lenger å gå rundt frå Vassbotnen, men tryggare.
  • Melshornet - 807 moh. Lett tilgjengeleg topp frå fleire kantar. Lettast er det om ein let seg drage til topps på ski på Reset. Då er turen til toppen fort unnagjort.
  • Sandhornet/Blåfjellet - 1064 m. Fjelltopp mellom Dalsbygd og Folkestad som er utsett for ein tilsynelatande evig namnestrid. Sandhornet er ein klassisk topptur på ski, då der så godt som aldri er rasfåre i den mest brukte ruta opp på sørsida av fjellet. Ein går då anten frå Dalsbygda om Lisjebøheida og opp, eller frå Folkestad om Lisjeblåfjellet. Om sommaren er Sandhornet lett tilgjengeleg frå Dalsbygda, då ein kan køyre helt opp til 660 meter med bil. Dalsbygdingane har gått toppturar på ski på Sandhornet sidan mellomkrigstida, lenge før telemarkstilen fekk sin renessanse på 80-talet. Dei gjekk opp med kandaharbindingar og ski med skrudde stålkantar. På toppen festa dei wiren bak med krokar på sidene og køyrde kristianiasvingar nedatt, altså svært likt det ein kallar randonnéski eller skibestigningsski i dag.
    Sandhornet er eitt av dei ti TurMåla i Volda i 2006. Fellesturen til toppen går laurdag 27. august frå demninga ved Lisjebøvatnet.
  • Trollvasstind - 1285 m. Dette er den høgaste toppen på sørsida av Voldafjorden. Trollvasstind er eit flott toppturmål på ski utover våren, og fin også som fottur utover sommaren og tidleg på hausten. Oppgonger frå Lillebøheida i Dalsbygd, via Geitmjølkshornet og Øvste Varde. Alternativt kan ein gå opp frå Sanden seter i Dalsdalen i Dalsbygd. Eit tredje ruteval går frå Bjørkedalen via toppen av Bytingstind. Nedkøyringa på ski til Sanden byr på 900 fallmeter samanhengande, først nokså bratt og litt slakare lenger nede. Den er førebels ein lite kjend juvel mellom toppturentusiastar. Ver obs på mogeleg rasfare øvst dersom snøen er lagdelt. Trollvasstind er eitt av få lokale fjell som har en primærfaktor på over 1000 meter, dvs. at ein må stige ned over 1000 meter før ein kan stige oppatt på eit anna fjell som er høgare.
  • Keipen- 944 m. Vakkert fjell med flott utsikt til Bjørkedalen. Keipen er det pyramideliknande fjellet på nordsida av Bjørkedalsvatnet, svært godt synleg frå hovudvegen når du køyrer gjennom Bjørkedalen. Likevel er det greit å gå på om du vel ruta på nordsida. Du køyrer då opp bomvegen frå Botnen på Straumshamn og opp til parkering i Lisjedalen. Keipen er også kalla Nipa eller Ottardalsnipa. Keipen er likevel mest brukt, og har fått namnet etter fasongen som kan minne om ein keip på ein robåt. Sørsida av toppen mot Bjørkedalen er mogeleg å klyve, men då skal du ha litt røynsle med klatring.
  • Felden - 1272 m. Grensefjell mellom Sunnmøre og Nordfjord, og mellom bygdene Dalsbygd og Bjørkedalen. Fjellet er knytt til gamle segner om at det har vore ein kultplass i heidensk tid. Oppgong frå Hesteflot eller Sanden sæter i Dalsbygda, anten opp via Frøskaret eller opp "mylljå horna" og opp på Bjørndalshornet/Joldalsegga. Ein kan også gå frå Laurdalen på Bjørkedalssida og opp via Frøskaret. For den som vil ha ei utfordring, kan ein fortsette turen over til Klakken ved å gå over Knivsegga. Som skitur er Felden vanskeleg tilgjengeleg pga. rasfare. På austsida mot Laurdalen heng det mykje snø på eit svaberg, og denne fonna losnar som regel litt ut i mai når sola byrjar å ta for alvor. Også nordsida mot Sanden seter i Dalsbygda er fonnutsett. Men ved stabile snøtilhøve (gjerne i slutten av mai) er dette ei utruleg flott nedkøyring der ein har kjensle av å "bikke seg utføre".
  • Klakken/Sandeggja/Mjeltefjellet- ca 1250 m. Klakken ligg kloss ved toppen av Felden, med Knivsegga som eit smalt band mellom dei to toppane. Namnet Klakken kjem truleg av at båe toppane dannar ein "klakk", sett ute frå kysten. Klakken og Felden har vore nytta som seglingsmerke i uminnelege tider. Toppen er lettast tilkomeleg frå sør, og er ein flott skitur frå toppen av skitrekket på Harpefossen i Hjelmelandsdalen. Eidarane kallar Klakken for Sandeggja, medan toppen helst kallast Mjeltefjellet på Bjørkedalen. Kva som er rettast, vert ein vel aldri einige om. Knivsegga over til Felden er berre gåande for svært røynde fjellfolk, og då helst berre sommarstid.
  • Nordfjordtoren - ca 1200 m. Dette er også ein fin skitur frå toppen av trekket på Harpefossen. Frå toppen er det kort over til toppen av Storetoren, men det er eit bratt skar i mellom. Skaret kan forserast til fots på sørsida om sommaren.
  • Tverrelvhornet - ca 1250 m. Fin ski- og fottur der ein startar frå Nysætra på Bjørkedalen. Frå toppen er det nokså kort over til Matøskja, men det er bratt ned i eit skar på nordsida før ein kan gå opp på Matøskja. Dette er difor helst berre ei sommarrute.
  • Snøhornet og Bekarshornet - 1007 m og 936 m. Ligg på vestsida av Dalsfjorden, ovanfor Sætre. Enkel tur opp dersom ein går inn Dravlausdalen og rundar opp på baksida. Utsikt både til Volda og Ørsta sentrum samstundes, noko som er ganske særsynt. Turen er også mykje brukt på ski om vinteren og utover våren.
  • Kyrkjefjellet/Eidskyrkja - 1482 m. Klassisk ski- og fottur i fjellområdet mellom Austefjorden og Bjørkedalen. Storslått utsikt i alle retningar, då dette er det høgaste fjellet både i dette området og i Volda kommune. Ein ser både dei sentrale toppane i Sunnmørsalpane, Jostedalsbreen og Gjegnalundsbreen i Nordfjord. Turen er nokså lang, men går stort sett i lett terreng om ein vel å starte frå sætra i Grøndalen. Flott også som skitur, då rasfåren er liten. Sjå Kviven.com for bilete frå sætrane i Austefjorden.

Ti TurMål 2006 (ekstern link)

Nedkøyring i Grøndalen etter ein tur på Kyrkjefjellet.

Kortare familieturar

  • Spasere opp gjennom Elvadalen i Volda sentrum-kulturminne langs vegen, fin tur rundt vatnet, badeplass ved Årneset.
  • Flott tur langs den gamle postvegen frå Kile forbi Olavskrossen, forbi Mevatnet. Drikke av Olavskilda vidare til den fråflytta buplassen Bårdneset ved Bjørkedalsvatnet-over Brekka på Bjørkedalen til Hjelmelandsdalen i Nordfjord.
  • Gå den gamle Austefjordvegen frå Selvika til Aurstad, sykle eller gå den gamle vegen utanfor tunnelen i Høydalen.
  • Gå den gamle setervegen frå Hjorthaug til Aldalen. Ta av frå riksvegen rett ovanfor Hjorthaug.
  • Fin tur frå Holsvika i Austefjorden opp Åslida, Skaret rundt Sunndalen eller Gjersdalen til Damfossen.
  • Sætreturar til Tryften, Storlida og Dansen i Dalsfjorden, bilveg opp. Fin fjelltur for dei som vil ta beina fatt.
  • Volda Rotary har merka turløyper til fjells i Volda til Niven, Melshornet, Rotsethornet, Høgedalsstøylen m.m.
  • Også kortare turar til Prestesetra, Steinhusa, Kleppesetra, Lisjedalen m.m.
  • Vitje Vakarhuset på Kornbergveten på Folkestad. Fin rås frå Nautvika. Bilveg til Folkestadsetra, gå på fjellryggen utover.
  • Køyre opp i Sætreåsen, gå til Sæsshaugen derifrå til Snøhornet eller Bekarshornet, eller gjennom Dravlausdalen.

Padling i Volda - nokre forslag til padleturar med kano og kajakk

Dei siste åra har padling vorte stadig meir populært i vårt område. Dei lange fjordarmane som skjér seg på kryss og tvers i store delar av kommunen byr på store utfordringar og mulegheiter for den som vil sitje lågt på vatnet og utforske området. Her finst óg mange vatn og nokre elvar som er flotte å padle.

  • Voldsfjorden, Dalsfjorden og Austefjorden. På finversdagar kjem gjerne "utrøna" litt ut på dagen med nordavind og sjø som gjerne kan bryte i kvitt. Voldsfjorden er også ein flott sted for kitesurfing og brettsegling nettopp på grunn av den jamne vinden på mange godversdagar. Dalsfjorden er med sine 17 km rak og så godt som fri for holmar og skjer, og difor kanskje litt einsformig. Men fjella rundt gjer likevel turen flott. Austefjorden er meir variert der han buktar seg inn til Fyrde. Her er også fleire holmar og øyar som inviterar til utforsking og kanskje leirslagning for natta.
  • Berkneshalvøya. Såpass langt ute i Voldafjorden opnar landskapet seg mot vest og fjordane opplevast som i eit større format enn litt lenger inn. Her møtest faktisk fleire fjordar, slik at Berkneset er siste utpost for den som vil dra på langtur frå Volda og vidare utover på Sunnmøre. For dei fleste er det kanskje mest aktuelt å padle rundt Berkneset og inn Ørstafjorden. Det er kring 3 mil å padle frå Volda til Ørsta om Berkneset.
  • Kilsfjorden. Denne må nemnast spesielt på grunn av den særmerkte og sjeldne tidevasstraumen ved Straumshamn. Midt mellom flod og fjøre er straumen så sterk at å padle gjennom her kan minne om elvepadling. Straumane er sterke, så ver obs på tryggleiken om du skal prøve deg. Går du rundt her, så kan du bli trekt langt utover eller innover før du får kontroll igjen. Ver difor fleire i lag og hald auge med kvarandre. Å ha vesten på er sjølvsagt!
  • Bjørkedalsvatnet. Kring 3 km langt og 1 km breidt vatn midt i Bjørkedalen. Utrøna kan ta godt også her. Padle inn under "Bjørgene" i nordenden og prøv ekkoet der eller padle bort til Helsetsanden og ta ein titt på vikingskipa som ligg der.
  • Stigedalselva. Denne er truleg mogeleg å padle frå Klebershølen ved Haugen på Løset og nedover til osen i Bjørkedalsvatnet ved Helset. Ein bør nok då ha elvekajakk. Litt ut på sommaren er her laksefiske, så padlinga bør vel helst gjerast unna i mai - juni før laksen går opp. Eg er ikkje kjend med om nokon faktisk har padla her før. Så kven blir førstemann?
  • Stigedalsvatnet og Alflotvatnet. Begge vatna ligg oppe i Stigedalen. Alfotvatnet ved fylkesgrensa i sør. Begge vatna er grunne og rolege. Omgivnadene er spektakulære der ein kan padle inn under høge fjellveggar og grov ur som går like ned i vatna. I Stigedalsvatnet er det krede som gjerne tek etter ei fluge. I solskin er fluger med gult og raudt på bra her.
  • Medvatnet og Nedstevatnet. Desse to mindre vatna ligg mellom Bjørkedalsvatnet og Kilsfjorden. Begge vatna ligg i vassdraget mellom Kile og Bjørkedalsvatnet. Vatna har særs lett tilkomst sidan riksvegen går like ved. Om sommaren går laksen opp her, så då bør ein kanskje unngå områda rundt osane dersom der står laksefiskarar der. På høgda mellom vatna står "steinkrossen på Kile", vel verd ein tur. Korset er ikkje så gamalt, men her skal ha stått eit liknande kors alt i tidleg middelalder til minne om Heilag Olav. Elva ned til Kile kan også padlast for den som er vand med elvekajakk.
    Den som vil ha ein lengre tur, kan starte ved Helset i sørenden av Bjørkedalsvatnet, og padle til Vassenden. Derfrå er det kring 150 meter å bere kajakken ned til Medvatnet. Mellom Medvatnet og Nedstevatnet er det enda kortare. Så spørs det om ein vil prøve seg på Kilselva den siste kilometeren ned til fjorden. Herifrå er det fritt val ut i fjorden, anten ein vil fortsette til Volda eller svinge inn i Austefjorden. Om ein vil overnatte undervegs, så kan Botnasanden innanfor Straumshamn vere eit godt val.
  • Vasslidvatnet i Vasslida. Køyr opp på grusveg frå Søre Bjørkedal mot Haugen i Nordfjord. Vasslidvatnet er 5 - 600 meter langt og ligg omlag 300 meter over havet. Det er nokså grunt og kan derfor by på badetemperatur om sommaren. Kan by på bra fiske etter krede, gjerne med oter frå kano. Med elvekajakk er det turleg mogeleg å padle vidare nedover til ein kjem litt nedanfor Langedalsbrua. Vidare nedover er berre for spesialistar!
  • Laurdalselva. Dette er ein sidedal til Bjørkedalen, der du kan padle under tindar med norrøne namn som Lisje Toren og Store Toren.. Køyr opp kring 4 km på grusveg frå Søre Bjørkedal (bomveg). Ta av opp forbi båtsamlingane. Når vassføringa er stor nok, så kan delar av denne elva padlast med elvekajakk. Men også her bør ein stoppe mens leiken er god. Nokre hundre meter lenger ned enn Laurdalssætra bør du nok ta inn på land.
  • Folkestadvatnet. Køyr opp Folkestadbygda og bomvegen vidare framover dalen til du kjem til Folkestadsætra. Her ligg også vatnet, som er nokså grunt og blir fort oppvarma om sommaren. I nordenden finst ei lita sandstrand der det er flott å bade og sleikje sol. Flott tur å padle rundt vatnet!
  • Lisjebøvatnet i Dalsbygd. Også her må du inn i Dalsfjorden, og køyre opp "Fjellveien" i Dalsbygd. Vatnet ligg på 645 meter over havet, og er 1,8 km langt. Ein flott tur er å padle frå demninga og inn til Trollvassosen heilt inst. Derfrå er det kort å gå vidare opp på fjelltoppane i området, td. Trollvasstind. Vatnet er som regel kaldt sjølv om sommaren, slik at gode klede og flytevest er eit absolutt krav om du skal padle der. Kortfiske etter fjellaure. Vatnet er regulert.
  • Storelidvatnet i Dalsfjorden. Ein kjem opp til Storelida ved å køyre anleggsvegen opp frå Åmelfoten inst i Dalsfjorden. Her ligg eit heilt system av små og litt større fjellvatn, med Storelidvatnet som det største. Dei fleste vatna ligg 5 - 600 meter over havet. Det er kort mellom fleire av dei, slik at en kan sy saman ein padletur som går over lengre strekningar. Fleire av vatna er regulerte.
  • Vassbakkevatnet i Steinsvika, inst i Dalsfjorden. Her ligg to vatn godt gøymt for dei som susar forbi i bil gjennom Steinsvika. Køyr opp og over Vassbakke inst i Steinsvika, og du kjem med ein gong til Vassbakkevatnet. Vasskanten ligg like ved bilvegen. Vatnet er lite, men kan bli varmt og godt å bade i om sommaren. Her er heller ingen skummel utos som kan skreme nybyrjarar. Vatnet er derfor glimrande til trening og instruksjon. Litt lenger opp i Vassbakkedalen ligg eit vatn til. Her var flott før, medan anleggsvegen til olivinbrotet no gjer området litt mindre "jomfrueleg". Men det er likevel fint å padle der.
  • Lisjedalen og Brundalen. Køyr opp på grusveg frå Botnen på Straumshamn. Begge vatna er små og rolege padleperler. Flotte område dersom ein skal ta med barn i kano på sin første padletur. Dersom du gidd slitet, kan du dra med deg kajakken enda høgare og opp i Sulvatnet eller Julegrøvatnet. Då kan ein oppleve kjensla av å padle i høgfjellet.
  • Fyrdevassdraget og Kalvatnet. Fleire vatn og elvestrekk som er fine å padle.
  • Osdalsvatnet og vatnet i Grøndalen. Her har eg ikkje padla, men tilhøva ser flotte ut. Osdalsvatnet er regulert.
  • Rotevatnet rundt i kajakk er kanskje ei enda finare oppleving enn å gå rundt til fots. Då treng ein heller ikkje nokon turveg, men kan oppleve strandsona slik ho er sett frå vatnet. Ei unik måte å oppleve Volda på! Ved Årneset er det lett tilkomst med bil.

I tillegg kjem ei rad mindre vatn og elvastrekk som sikkert er fine å padle. I høgfjellet ligg mange vatn som sikkert aldri er padla. Har du synspunkt eller fleire forslag, så send dei gjerne hit på mail jorn(a)loset.com.

Arnt Ove Dalebø driv med utleige av kajakkar i Volda. Nettstaden hans er kajakkutleige.no.

Overnatting/turiststadar

Volda turisthotell, Leiteland, Helgatun, Aurstad, Kalvatn, Høydalen, Straumshamn, Søre Bjørkedal, Helset, Sætre, Dravlaus, Innselset, Steinsvika

 

Fiske:

Fiske i elvar, vatn og fjord. Hobbyfiske i fjorden til eige forbruk er fritt.

Laks og sjøaure:

Fiskekort på Kile kontakt 70073526. Sjølvbetjente kasser for fiskekort for laksefiske på Fyrde, Kalvatn og i Steinsvika.

På Bjørkedalen fiskekort på landhandelen. Fritt fiske i Øyraelva, Volda sentrum.

Småviltjakt i Volda:

Fleire stader kan ein kjøpe jaktkort for småvilt som gjeld i ulike fjellområde i Volda. Dette er organisert av grunneigarlaga kring om i bygdene. Jaktstart i midten av september.
Dalsbygd og Steinsvik grunneigarlag sel jaktkort frå kasse ved Hjelle og Dale møbelfabrikk i Dalsbygd. Kortet gjeld på Lisjebøheida, Dalsdalen i Dalsbygd og fjellområda kring Steinsvika til grense mot Nordfjord.

NB! Orre og tiur er freda i kommunen.

Storviltjakt i Volda:

Mange av valda i Volda driv utleige av hjortejakt. Totalt fellingsløyve i kommunen ligg kring 500 dyr årleg. Ta kontakt med viltforvaltar Nedreklepp på rådhuset for nærmare informasjon om kven som driv utleige.

 

Kulturinstitusjonar i Volda

Ivar Aasen-tunet
Nynorsk kultursentrum
Dei nynorske festspela
Den Norske Dokumentarfilmfestivalen
Kyrkjemusikkveka i Volda
STUDENTVEKA
Volda og Ørsta filmklubb

Utøvarar og kunstnarar

Bokkereidars Bluesband
Jazzklubben Volda Ørsta
Lagskoret i Volda, avdeling av VOKS studentkor
SKRUK - privat side om dette landskjende koret
Spett - rockeband
Sunnmøre Baarelag "Baarelaget"
Woodleg Odd's - bluesband

Kulturhistorie

Busetnadssoge for Volda - ved Arnfinn Kjelland, HVO
Diplomatarium Norvegicum
Digitalarkivet for Volda, folketeljingar, døypte, fødde, vigde og gravlagde.
Kviven.com - mykje historisk stoff og bilete om sætringa i Austesjorden i gamal tid.
Oluf Rygh "Norske Gaardnavne", UiO - forklarar opphav og tyding av mange gardsnamn i kommunen.
Riksarkivet

......................................................................................................................................................................................

Først publisert 25.10.2001. Sist oppdatert 18-02-2007. Skrive for 800x600 i MSIE 4+.
Copyright Volda.info 2007. E-post: jorn @ volda.info

......................................................................................................................................................................................