Forside Traktor Redskap I-mek Byggteknikk Husdyr Data Energi Gardsferie Reise BU Offentleg Org. Utdanning Bruktmarked
Turbinar Linkar Vindkraft Alternativ energi Varmepumper Varmeattvinning Brennverdiar i ved "Peak Oil"
Alternativ energi - sol og bioenergi Brennverdiar for ved  
Bioenergi er en samlebetegnelse på utvinning av energi fra organiske energikilder. Dette kan være vedfyring, trepellets, flisfyring, halmballer og annet. Også varmegjenvinning fra ulike komposteringsprosesser kan betraktes som bioenergi. Ved kompostering av møkk kan man f.eks. utvinne metangass, som igjen kan forbrennes og gi varme eller elektrisk kraft.

Bioenergi er en fornybar ressurs, der man ofte gjenvinner energi som ellers hadde gått til spille og forårsaket økte CO2-utslipp. Utbygging av bioenergianlegg er derfor god miljøpolitikk.

Det der ligger til rette for det, kan bioenergianlegg kan bygges ut i stor skala til distribusjon av oppvarmet vann, s.k. fjernvarmeanlegg. Slike kan gjerne kombineres med drift av dampturbiner som igjen driver elektriske generatorer som leverer strøm inn på ledningsnettet.

Bioenergi - konsekvensutgreiing
Enøk Norge
Exergon (SE) sol, bio og vindkraft
SolarNor AS - solfangar
Vera Miljø, Sandefjord

Treslag kWh
Rogn 3190
Bøk 3000
Eik 2900
Ask 2900
Lønn 2800
Bjørk 2650
Furu 2350
Svartor 2350
Selje 2290
Osp 2000
Gran 2000
Gråor 1900
Energien i kWh er per fastkubikkmeter (Fm³), altså etter volum.

Kjelde: VestNorsk ENØK AS et al.

Ein føreset at veden er godt turka (20% fuktigheit eller mindre). Våt ved vil avgje mykje vassdamp, sjølv om ho brenn. Men mykje av energien vil då forsvinne til å fordampe denne vassmengda.

Verdiane heng saman med eigenvekta (densiteten) til treslaget. "Tunge" tresortar gir meir varme enn lette. Reknar ein om til energi per kilo ved, vil tala jamne seg mykje ut. Eit kilo oreved vil då gje omlag same varmen som eit kilo rogn. Ulempen er at "lett" ved krev meir lagerplass og arbeid.

Varmepumper Varmeattvinning  
Kva er ei varmepumpe?

Ei varmepumpe verkar omlag som eit kjøleskåp som er snudd andre vegen. Den kjølar ned området der den skal hente varmeenergien, og avgir denne energien som varme innandørs. Forholdet mellom tilført energi til drift av pumpa og energiutbyttet er 1:3 - 1:5. Det vil seie at for kvar 1 kW nytta til drift, vil den hente ut minst 3 kW i varmegevinst. Denne "gratisenergien" kan du hente ut av t.d. jord, fjell, vatn , sjø og luft i nærleiken av huset ditt.

Ver merksam på at varmepumper som hentar varmen frå utelufta, vil gå i revers dersom det er kaldare enn kring 15 minusgradar. Mao. risikerer ein at den ikkje fungerer i dei aller kaldaste periodene om vinteren. Ein bør difor alltid ha alternative varmekjelder tilgjengelege, som t.d. vedfyring.

Moderne luft-til-luft varmepumper bør plasserast med litt omtanke, slik at støy og resonans ikkje kjem som ei negativ overrasking. Uønska trekk inne kan også opplevast som eit problem med slike pumper. Men elles er slike pumper den rimelegaste løysinga, med kostnader frå 10 - 15000 kr og oppover.

Kanskje kan ein til overmål greie å utnytte overskotsvarme frå fjøset på denne måten? Ei ku avgir 700 - 1000 W til luft. Ein full fjøs med dyr er dermed ein stor varmekjelde som stort sett går til spille elles, så her kan gevinsten vere ekstra stor. Utfordringa i slike tilfelle er å lage varmevekslarar som er effektive og korrosjonssikre samstundes som reinhaldet er nokolunde enkelt. Nokre gardbrukarar rundt om i landet har hatt slike system i drift i fleire år allereie, men då som regel med sine eigne tekniske løysingar på reinhaldsproblemet.

© Jordbruk.info

Produsentar/leverandørar:

Oslo Kulde AS 
Oslo Kjøleteknikk AS
Bernt J. Nilssen AS  - Telemark, Vestfold, A.Agder
Brødrene Myhre Brønnboring  - Hønefoss
Novema AS
ArJa Tromsø AS
Olimpia
Rognstad VVS AS  - sentrale austlandet

Resirkulering av varme frå innelufta i hus kan vere svært lønsamt og gje betre inneklima. Systema er gjerne laga slik at den varme, brukte lufta som er på veg ut av huset varmar opp frisk kald luft på veg inn.

Boligventilasjon med varmegjenvinning - Byggforsk
Norsk ventilasjon og energiteknisk forening
VVS-nett

Produsentar/leverandørar:

Aluvent AS
BEAM
CM-Ventilasjon
Enervent TS
Flexit
Guin AS
Hybrid ventilasjon
Nobovent
Villa Ventilasjon Rens
Villavent

 
© Jordbruk.info

 

 

 

...............................................................................................................................................


Oppdatert 08 sep 2006. Copyright Jordbruk.info/ Jørn Olav Løset. E-mail post@jordbruk.info .
...............................................................................................................................................